ØSK-rettigheter / Mat / Menneskerettigheter / Norge

Valg 2017 – Senterpartiets innlegg til MRbloggen

11. september 2017 er det Stortingsvalg. 11. september skal du bestemme hvilken politikk du mener er riktig å følge de neste fire årene. MRbloggen har bedt alle partier som stiller til valg om å skrive om et tema innenfor menneskerettigheter som opptar partiet. Her er Senterpartiets bidrag. 

Hilsen redaktørene

<av Liv Signe Navarsete, utanriks- og forsvarspolitisk talskvinne for Senterpartiet>

8428498935_5775a38ab7_z

Liv Signe Navarsete (bilde: Flickr)

Eg takkar for spørsmålet om å skrive eit innlegg til menneskerettsbloggen. Det slo meg raskt at eg ville nytta høvet til å skrive om det som ligg meg aller nærast, nemleg retten til mat og vatn. Det finst ingen meir grunnleggjande rett. Utan sikker tilgang til mat og vatn er det ikkje mogleg å sikre folk eit verdig liv. Dette er også årsaka til at FNs berekraftmål nummer to nettopp seier at verda innan 2030 skal «utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk». Dett er likevel ikkje det berekraftsmålet som har høgast merksemd i Noreg, og heller ikkje i mange andre gjevarland.

Noreg set menneskerettane høgt. Dette er både rett og viktig og det er brei politisk semje om dette på Stortinget. Verdas matvareprogram har stadfesta at svolt og feilernæring er den største helserisikoen på verdsbasis. Noreg må nytte meir ressursar på å gje fleire menneske sikker tilgang på trygg mat. Dette krev ei satsing på landbruket både nasjonalt og globalt. Senterpartiet ønskjer difor eit løft i Noregs bistand til mat og ernæring som eit naudsynt bidrag til å oppfylle folks rett til mat.

Det er truleg ikkje mogleg å hjelpe fleire menneske på ein smartare måte enn å investere i internasjonal matsikkerheit og mattryggleik. 2,6 milliardar menneske er i dag direkte knytt til jordbruk og fiske. Over 40% av alle yrkesaktive er bønder. Til og med Verdsbanken har stadfesta at å støtte småbønder i utviklingsland er den mest effektive måten å løfte dei fattigaste ut or fattigdom.

Dette må me ta konsekvensen av. Noreg må ta initiativ til ein internasjonal opptrappingsplan for jordbruket. Me må bruke bistand aktivt for å medverke til at det blir produsert nok mat i verda og samstundes redusere klimautsleppa. Dette gjer me mellom anne gjennom auka satsing på småskalaproduksjon. Landbruksbistand og ernæring bør i åra som kjem få ein større del av Noregs bistandsmidlar.

Dei fleste er nok samde i at det ikkje er nok å vedta menneskerettar. Ein sikrar ikkje folk sine rettar berre ved å vedta dei. Få rettar blir sikra utan at ein også syter for eit tilstrekkeleg ressursgrunnlag i kvart land. Dette krev at dagens utviklingsland får utvikla ein berekraftig nasjonal industri og skapt ein produktivitetsvekst i jordbruket. Noreg må syte for at utviklingslanda får fridom til å verne og byggje opp den kompetansen som er naudsynt for å etablere berekraftig industri, jordbruk og anna næringsliv.

Samstundes må ein syte for at den økonomiske veksten ikkje berre hamnar i hendene på ein liten velståande del av folket i kvart land. Den gamle myta om at ein måtte tillate større ulikskap mellom folk for å sikre vekst er tilbakevist. Dei samfunna som syter rettvis fordeling er også dei landa som evnar å skape berekraftig vekst.

Legg en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s