Demokrati / Afrika / Menneskerettigheter / Gambia

Jammehs fall er ein milepæl for afrikansk demokrati

Johan N. Hermstad (Foto: Privat)

Johan N. Hermstad. Foto: privat

<av Johan N. Hermstad, daglig leder i Fellesrådet for Afrika>

Det vestafrikanske landet Gambia har på uventa vis inntatt hovudrolla i den vestafrikanske debatten om demokrati og langtsitjande presidentar. Yahya Jammehs fall symboliserar eit Vest-Afrika med stadig større vektlegging av demokratisering og menneskerettar.

I november såg det meste ut til å vere gitt. Yahya Jammeh kom til makta i det vesle vestafrikanske landet Gambia i 1994 ved hjelp av eit militærkupp, og har sidan sitte ved makta. Fredag i førre veke aksepterte presidenten valnederlaget og flykta i eksil i Ekvatorial Guinea.

Styrte med jernhand

Ikkje ulikt andre afrikanske leiarar med mange år i presidentstolen, har Jammeh jamleg gjennomført val som har fungert som legitimeringsmekanismar for sitt undertrykkjande regime. Då han arresterte og torturerte viktige opposisjonsleiarar og slo voldelig ned på protestar mot valprosessen i april 2016, frykta mange at Jammeh var på god veg mot fem nye år ved makta.

Gambia er kanskje eit lite land, òg i regional forstand, med knappe to millionar innbyggarar og særs lite omfattande økonomiske relasjonar med omverda utover turistnæringa. Likevel har Jammeh gjennom sine 22 år som president gjort seg kjent, som regel ved å kome med oppsiktsvekkjande og uventa fråsegn.

Presidenten kan visstnok kurere AIDS, spesielt på torsdagar, og kan styre landet i ein milliard år. Alt dette ved Guds hjelp. Jammeh har ved presidentinstruks òg erklært Gambia ein islamsk republikk. Han har kome med ramsalt kritikk av homofili, men òg gått til knallhard kamp mot omskjering av kvinner.

Nekta å akseptere realitetane

1. desember i fjor skjedde det ingen hadde trudd. President Jammeh tok ein telefon til opposisjonen sin koalisjonskandidat, Adama Barrow, og erkjende nederlag på direktesendt fjernsyn. Spontan glede braut ut i Banjul, og det som låg an til å bli ein notis i regionale og internasjonale nyhende vart slått stort opp. Den nyvalde presidenten erklærte at Gambia ville melde seg inn att i den internasjonale strafferettsdomstolen (ICC), og sivile så vel som militære dansa i gatene i hovudstaden.

Diverre var gleda kortvarig. Det tok ikkje meir enn ei veke før Jammeh snudde på hælen, og erklærte at valkommisjonen han sjølv hadde handplukka ikkje hadde opptredd uavhengig.

Det einaste som er forutsigbart med Yahya Jammeh er at han er uforutsigbar, men denne gongen kunne han ikkje gjere som han ville. Senegals president Macky Sall, som sjølv tok over som del av ei folkeleg demokratisk rørsle mot ein president med autoritære tendensar, har brukt all si innflytelse på å oppretthalde folket si vilje i nabolandet. Sall har mellom anna brukt Senegal sin plass i Tryggingsrådet til FN for dette målet.

Nigerias presient Muhammadu Buhari, fredsprisvinnar og president i Liberia Ellen Johnson Sirleaf og den nyavgåtte ghanesiske presidenten John Mahama har gjort intense diplomatiske framstøt for å få Jammeh til å gå fredeleg. Heile den vestafrikanske regionen har engasjert seg.

Jammeh nekta å akseptere realitetane heilt til det siste. Gradvis hoppa regjeringsmedlemmer, ambassadørar og viktige embetsfolk av. Sjølv ikkje då den langvarige visepresidenten erklærte at ho ville gå av og presidenten sin advokat rømma landet, ville han innsjå si eiga skjebne.

Massivt vestafrikansk press

Medan det gambiske folket gjennom den politiske krisa haldt seg fredeleg og rolig og nekta å bli provosert langs dei etniske skiljelinjene Jammeh har forsøkt å bygge opp, har det internasjonale samfunnet tatt tydeleg affære. Vi snakker gjerne om at den Afrikanske Unionen (AU) består av autokratiske leiarar som støttar kvarandre, men eksempelet Gambia gir oss grunn til å tenkje oss om. Den vestafrikanske regionale blokka ECOWAS har hatt full støtte frå tryggingsråda både i AU og FN både til å forhandle og til slutt å gå inn militært på så skånsamt vis som mogleg.

Det er lite som minner om tida då afrikanske leiarar avviste menneskerettar og demokrati som vestlege verdiar og erklærte at dei enkelte landa sin suverenitet var overordna alt anna.

Milepæl for eit demokratisk Afrika

Sjølvsagt er det mange grunnar til at det var lite militært, økonomisk og politisk kostbart for dei vestafrikanske leiarane å opprette demokratiet i Gambia. Det ville til dømes ikkje i det heile vore like enkelt å gripe inn i den politiske krisa i DR Kongo, og vi kan ikkje realistisk vente oss at alle afrikanske autokratar går ei vanskeleg tid i møte.

Likevel er tilfellet Gambia meir enn berre ein seier for eit land som ikkje ein einaste gong har hatt ein demokratisk vald president sidan sjølvstenda i 1965. Det er òg ein milepæl på den ikkje-lineære stien mot eit afrikansk kontinent prega av demokrati og menneskerettar.

Legg en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s