Funksjonshemmedes rettigheter / Menneskerettigheter / Minoriteter / Norge

Politiet overser hatkrim mot funksjonshemma

 

img_4575

Eivind Digranes, foto: Privat.

<Skrevet av Eivind Digranes, redaktør>

At nokon hater funksjonshemma blir sett på som utenkeleg av norsk politi og påtalemyndigheit. Konsekvensen er at hatkrim mot gruppa blir oversett.

Tamarin sit på trikken mot Oslo sentrum, då ein gjeng med ungdomar set seg ned ved sidan av ho. Då dei får auge på Tamarin, byrjer dei å le og gjere narr av utseendet hennar.

Det er tydeleg at dei ler av at ho har cerebral parese (CP), ein tilstand som mellom anna involverer ufrivillige rykningar i kroppen.

trikk2

Plutselig spytter ein av ungdomane ho i ansiktet. Ho er fullstendig livredd. Tirsdag anmelder Tamarin episoden som hatkriminalitet til Oslo politidistrikt.

Mange blei sjokkerte då dei eit par veker tilbake las om den offentlege hetsinga av 25 år gamle Tamarin Varner. Dessverre er episoden på ingen måte unik. For mange med nedsett funksjonsevne er dette kvardagslege opplevingar.

Det er derimot ei unik side ved saken: dette er nemleg det første anmeldte tilfellet av hatkriminalitet retta mot funksjonshemma i Noreg.

Hatkrim blir ikkje gjenkjent
Trass i at funksjonshemma blei gitt strafferettsleg vern mot fleire ulike former for hatkriminalitet i 2013, har ingen tilfeller av hatkriminalitet mot funksjonshemma blitt registrerte av politiet i treårsperioden før denne anmeldinga. Verken i Oslo eller nasjonalt.

Dette står i sterk kontrast til forsking som konsekvent viser at funksjonshemma er meir utsett for vald, trakassering og hets enn den generelle befolkninga. Ofte fordi dei blir sett på som «svake», «forstyrrande», og «annleis».

Med andre ord: hatkriminalitet mot funksjonshemma skjer, men blir ikkje anmeldt eller plukka opp av politivesenet. Mørketala er store.

Kvifor eksisterer dette gapet? Kva er det som gjer at norsk politi og påtalemyndigheit ikkje registrerer hatkriminalitet mot funksjonshemma?

Dette var spørsmål eg undersøkte i mi nyleg avleverte masteroppgåve i menneskerettar ved Universitetet i Oslo. For å lære meir om dette, intervjua eg tilsette i politiet og påtalemyndighetene nasjonalt og i Oslo som jobber spesialisert med hatkriminalitet.

Utenkeleg hat
Sjølv om informantane varierte i sine svar, var dei alle samstemte om ein ting: politi og påtalemyndigheit har ei overordna mistru til at det i det heile tatt er mogleg at kriminalitet mot funksjonshemma kan vere motivert av hat. Denne ideen er hovudsakleg grunna i tre bakanforliggande faktorar som gjekk igjen i intervjua.

For det første, peikte informantane på at politi og påtalemyndigheit i møte med kriminalitet retta mot funksjonshemma har ein tendens til å overfokusere på det dei opplev som individuell sårbarheit hos offeret. Funksjonshemma blir ofte sett på av politivesenet som «sårbare» eller «lette offer» for vinningskriminalitet.

Ifølge fleire av informantane er det i tillegg lettare å vinne fram i den vidare rettsprosessen med ei fortelling om funksjonshemma som forsvarsløse personar enn som objekter for hat.

På denne måten er politiet og påtalemyndigheitene med på å skape ein dikotomi mellom sårbarheit og hatefullt motiv som i mange tilfeller er falsk. Dette er med på å overskugge moglege hatefulle motiv som kan ligge bak kriminalitet retta mot gruppa.

For det andre, mangler det ein diskusjon om hatkriminalitet mot funksjonshemma i samfunnet generelt. Denne stillheita har ifølge informantane konsekvensar for korleis politiet jobber med hatkriminalitet.

Som oppsummert av ein av informantane: der rasistisk, islamofobisk og homofobisk motivert kriminalitet diskuterast ofte både i media og samfunnet elles, er hatkriminalitet mot funksjonshemma eit ikkje-eksisterande tema i det offentlege ordskiftet.

Dette er med på å vidareføre eit klima i politiet kor hatefullt motivert kriminalitet retta mot funksjonshemma ikkje er etablert som ein form for kriminalitet som krever registrering eller nasjonal oppfølging.

For det tredje, viste fleire av informantane ei mangelfull forståing for kva hatkriminalitet mot funksjonshemma er, og kva for former det tar.

Ein informant uttrykte at der han har verktøyene for å forstå homofobisk og rasistisk motivert hat, mangler han rammeverket for å forstå kva for former hat retta mot funksjonshemma tar. Han «kjenner ikke terrenget».

Andre opplevde det som vanskeleg å avgrense funksjonshemma som ei klar juridisk og samfunnsmessig minoritetsgruppe.

Utan ei forståing for slike gruppespesifikke utfordringar, er det vanskeleg å sjå for seg at politivesenet evner å gjenkjenne hat som er retta mot funksjonshemma nettopp på grunn av gruppetilhørigheit.

Mangler fenomenforståing
Ein rød tråd i alle desse faktorane er ei manglande forståing av prosessane som fører til hatkriminalitet mot funksjonshemma i utgangspunktet. Politivesenet mangler dei rette brillene til å forstå og gjenkjenne fenomenet.

Med dette utgangspunktet blir identifisering av faktiske tilfeller av hatkriminalitet mot funksjonshemma lite sannsynleg. Funna frå mi masteroppgåve indikerer dermed at det fins vesentlege mangler ved måten politiet og påtalemyndigheita tenker rundt, og forholder seg til, hatkriminalitet relatert til funksjonsevne.

FNs konvensjon for rettane til personar med funksjonsnedsettingar (CRPD) legg ei folkerettsleg forplikting på Noreg og det norske politivesenet til å bekjempe alle former for vald, hets, og overgrep mot funksjonshemma, og gi gruppa reell tilgang til loven på lik linje med alle andre. Det må bli fulgt opp.

Det hjelp nemleg lite for funksjonshemma å ha eit vern mot hat på papiret, om den ikkje blir handheva i praksis.

Legg en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s