Asylsøkere / Flyktninger / Menneskerettigheter / Norge

Storskog: manglar på begge sider av grensa

Lene Wetteland. Foto: NHC

Lene Wetteland. Foto: NHC

<av Lene Wetteland, Seniorrådgjevar Russland, Den norske Helsingforskomité> Tilbakesendingsavtalen mellom Russland og Norge er no komen på plass igjen etter ei lita pause og re-forhandlingar, men det tyder ikkje at det har blitt endringar i det russiske asylsystemet i mellomtida.

Asylsystemet er framleis ikkje-fungerande og gjennomkorrupt. Det kan ikkje vera eit vilkår for innstrammingar på norsk side at Russland er eit trygt land der ein kan få asylsøknaden sin behandla i staden for i Norge.

Bryt sine internasjonale plikter

I følgje FN si Verdserklæring for menneskerettar artikkel 14 har ein kvar rett til å søkje og ta imot beskyttelse, og det opnast i Flyktningkonvensjonen sin artikkel 31.1 for å reise inn i eit land med falske dokument så lenge ein gjer seg til kjenne for styresmaktene omgåande.

Mest grunnleggjande er prinsippet om non-refoulement som følgjer av artikkel 3 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen sitt absolutte forbod mot tortur og umenneskeleg behandling eller straff. Det inneber også at ingen skal sendast tilbake til eit land der slik behandling eller fare for vidaresending til eit slikt land er ein risiko.

Storskog grensestasjon. Foto: Politiforum.no

Både Norge og Russland har ratifisert desse konvensjonane. Men der Norge tradisjonelt har vore eit føregangsland i å oppretthalde konvensjonane er det dessverre fleire døme på at Russland bryt sine internasjonale plikter.

Russland er saman med Tyrkia det landet i Europa med flest dommar mot seg i Den europeiske Menneskerettsdomstolen. Dei fleste dommane gjeld umenneskeleg behandling av eigne borgarar, men Russland er også dømt for utvising av syrarar til Syria.

Det er følgjeleg stor avstand mellom dei avtalene Russland har underskrive formelt og kva som er praksis, slik det også kjem fram av Landinfo sin rapport om tema1 og Norge sin kritikk av menneskerettssituasjonen i Russland ved tidlegare høve.

Korrupt russisk asylsystem

Det er større sjanse for at ein utlending blir utvist enn for at han får ein søknad om noko form for vern behandla av dei rette instansar.

Tala på dei russiske migrasjonstenestene (FMS) sine nettsider talar for seg sjølve – rundt 800 personar har fått permanent flyktningstatus i perioden frå ratifiseringa av Flyktningkonvensjonen i 1992 fram til slutten av 2014.

Rundt 250 000 personer hadde i 2014 mellombels flyktningstatus som må fornyast kvart år men dette er eit atypisk tal grunna Ukraina-krigen. Dersom ein går tilbake til 2013 og tidlegare var også dette talet nede i 2-3000. I 2013 var det bare 4700 personar som faktisk fekk søkt asyl i eit vilkårleg, lite tilgjengelig og korrupt asylsystem.

Avsløringane i Aftenposten rundt korleis fleire syrarar har fått falske visum og arbeidsløyve illustrerer berre ein liten del av den omfattande korrupsjonen på dette feltet.2

Organisasjonen Civic Assistance Committee (CAC) er ein av få organisasjonar som arbeider med rettane til flyktningar, migrantar og asylsøkjarar over heile landet. I oktober publiserte dei ein rapport basert på deira erfaring, statistikk frå FMS og intervju med asylsøkjarar og byråkratar. Konklusjonen i den over 300 sider lange rapporten er; Russland er ikkje eit land for vern.3

Over heile Russland har talet på utvisningsdommar mot utlendingar auka kraftig dei siste åra. Den ivrigaste dommaren ved Golovinskij bydelsrett i Moskva utviste 94 personar i løpet av ein kort arbeidsdag i januar.

Organisasjonen har observert fleire høve der utlendingane blir tatt inn i rettssalen i grupper av rundt 15 personar, utan tolk, utan forklaring av kva prosedyre dei går gjennom eller potensielle høve for klage, og tvungne til å skrive under rettsdokument for utvising.4

Betre norsk førearbeid nødvendig

Retur fra Storskog. Kilde: NOAS

Flyktningar returneras frå Storskog. Kilde: NOAS

Situasjonen til dei to jemenittane som blei sendte ut av Norge i januar er eit døme på korleis manglar på begge sider av grensa allereie har fått konsekvensar for enkeltpersonar.

Dei to blei returnerte til Russland same dagen som visumet deira gjekk ut, og fekk beskjed på russisk side om å melde seg på ei gitt adresse i Moskva i løpet av 48 timar. Der fekk dei ikkje høve til å søkje asyl, men eit utvisningsvedtak og frist til å forlate landet i løpet av ti dagar.

Grunna innsatsen til fleire frivillige på norsk side kom informasjon om dette fram, og det blei etter kvart avgjort at dei skulle få sakene sine realitetsbehandla i Norge likevel.

Det er tydeleg at systemet som skulle sile ut dei som skulle få realitetsbehandling av søknadene sine ikkje er tilfredsstillande på norsk side, og at føresetnaden om Russland som trygt tredjeland ikkje held mål.

Sett opp mot den forventa ankomsten av asylsøkjarar og flyktningar til Norge i løpet av 2016 og behovet for ei styrka regulering er det tydeleg at det må betre forarbeid til i dei innstrammingsforslaga som no er på bordet. Respekt for internasjonale menneskerettar og innspel frå det sivile samfunn er som alltid ei god rettesnor.

1 Landinfo: Russland: Asylsystemet og rettigheter for asylsøkere, http://landinfo.no/asset/3252/1/3252_1.pdf

Legg en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s