Europa / Flyktninger / Norge / Syria

Tankar frå Lesbos

<Av Liv Karin Dahlstrøm, frivillig på Lighthouse camp>

Liv Karin Dahlstrøm. Foto: privat

Liv Karin Dahlstrøm. Foto: privat

Det er ein ganske vanleg kveld på Lesbos. Stormen herjer på sjøen. Smuglarane selger båter billig på grunn av store bølger, båter kvelter og liv går tapt. Akkurat no.

Her sitter ein liten gjeng med lykkejegarar, innimellom mange andre lykkejegarar. Dei kom i ein båt for å søkja lykke i livet sitt. Ein liten familie, som for nokon timar siden var stor, sit i eit fremmed land og ser ut i det mørke havet. Dei er to foreldre, saman med eit av deira fem barn. Ute i den kalde mørke sjøen ligger dei fire andre barna deira. Kanskje kjemper dei for livet, og lurar på kor dei vaksne som skal ta ansvar og passa på dei er..? Mest sannsynleg er dei allereie daude, og på lista saman med alle dei andre navnlause. Dei siste minutta av livet var dei heilt aleine, ute i ein iskald svart sjø. Dei må ha vore livredde.

Alle foto: Liv Karin Dahlstrøm

Alle foto: Liv Karin Dahlstrøm

Eg er glad dei ikkje visste at det er dei vaksne – dei trygge og ansvarsfulle – som har bestemt at dei ikkje kunne ta eit fly, men at dei måtte ta den litle gummibåten i dei store bølgene. Eller om alle dei velståande barna og familiane som satt trygge og varme i flya på himmelen over dei, mens dei sakte måtte gje opp og gje slipp på det korte livet sitt. Dei tre gjenverande av familien på sju, klarmar seg til kvarandre, og lytter etter barnegråt frå havet. Det er trist, stygt, tragisk og ubeskriveleg. Og bare eit av mange, mange tilfeller. Ikkje det fyrste og ikkje det siste, fordi me lar det fortsetta. Det er til å bli ulykkeleg av.

bålMen heldigvis er det håp her også. Innimellom alt. Mange mennesker kjem i land. Halvdøde, nedfrosne og i sjokk er dei overlykkelege for å vera i eit land der dei er trygge, og takkar oss for at me er der og tek i mot dei. Det gir håp at mennesker hjelper kvarandre, og det er fantastisk å møta alle desse bra folka. Dette får oss til å halda oppe motet til tross for all tragedien, og me velståande på land fortsetter å lyse ut på det mørke havet.

Så trenger eg ein lite pause frå alle inntrykka. Eg går inn på internett og sjekker dei norske avisene. Her minsker håpet. Der leser eg om ein anna lykkejeger. Denne lykkejegeren kastar ein skugge over det litle håpet som finnes i all tragedien her.

sko på strandaNår ei dame som rett ut seier at det ikkje er noko kult å hjelpa folk i naud, skal ha ansvar for integrering av desse menneska som i fortvilelse flykter til landet våres – mennesker som meir enn alt treng medmenneskeleghet akkurat no – blir alt som skjer her nede satt i eit endå verre lys, fordi lyset langt framme i tunnelen blir blokkert av nokon. Alle mennesker trenger å bli behandla som mennesker, og særleg når livet er på sitt verste. Ingen ville ha satt seg sjølv og alle dei er glad i oppi ein liten båt på det stormfulle livsfarlege havet utan at dei verkeleg måtte. Ville du ha gjort det Sylvi?

Jo lenger eg skroller nedover i kommentarfelter på Sylvi Listhaug si facebookside, jo tristare vert eg. Der kan ein lesa dei oppmuntrande orda om at den rette kvinna har kome bak rattet, at dei muslimske menneska som øydelegger livene våres endeleg skal ut av landet – at Noreg endeleg skal bli fri frå dette ondet som rammar dei (!!). Eg prøver å sei til meg sjølv at dette er mennesker som strever sjølv, som sliter med å sjå at andre har det vondt, fordi dei sjølv trenger å bli sett, og at det på ein måte er forståeleg, at dei kanskje trenger det.

havetMen så klikker eg inn på fleire av menneska som har skrevet kommentarane, og det får meg til å verta endå endå meir trist. Eg ser at det er folk flest som skriver kommentarane. Eg leser at dei jobber med helse og sosialarbeid, med ungdommer og med barn. At dei er lokal-politikarar, lærarar og politi, og at nokon av dei til og med bærer eit ordførar-smykke. Eg ser at dei har mange vener, som støtter meingane deira, og at dei har tilsynelatande sosiale liv. Eg klikker inn på fleire hundre bileter og ser at alle har flotte hus som er pynta til jul, at julegåvene er fiksa og kakene bakt. Fleire av dei nevner at Sylvi si innstramming er ei julegåve til folket. No kan me bli frie igjen. Ellers ynskjer dei alle ei god og velsigna jul saman med barn og familie.

Legg en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s