ØSK-rettigheter / Menneskerettigheter / Norge / SP-rettigheter

Eit Noreg utan kompetanse på bistand og utvikling?

Ragnhild Nordvik. Foto: Privat

Ragnhild Nordvik. Foto: Privat

<av Ragnhild Therese Nordvik, programsjef i Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål>

Regjeringa har lagt fram eit forslag til statsbudsjett som vil svekke norsk utviklings- og bistandskompetanse på sikt. Skulle budsjettet bli vedtatt slik det er foreslått, vil kutta ikkje berre ramme fattige menneske i Sør på kort sikt.

Norske styresmakter vil framover få eit dårligare grunnlag til å utforme god utviklingspolitikk, i ei tid når behovet for nye prioriteringar vil gjere dei faglege vurderingane enno viktigare.

Fredag 30. oktober la regjeringa fram sitt reviderte forslag til Statsbudsjett. Her vert det foreslått store kutt i langsiktig bistand for å finne rom til ekstrautgiftene til flyktningar som kjem hit til landet.

Dramatiske budsjettkutt

Det største enkeltinnhogget i budsjettet er på budsjettposten som går til å styrke sivilsamfunn i land i Sør gjennom norske frivillige organisasjonar. Av ein budsjettpost som i 2015 er på nesten 2 milliardar kroner, vert det foreslått eit kutt på 1,3 milliard til neste år.

I år er det 21 norske organisasjonar som får større og mindre beløp frå denne budsjettposten. Berre dei fem største mottek i år meir enn heile det samla forslaget for 2016. Dette er pengar som går til å støtte livsnødvendig arbeid i Afrika, Asia og Latin-Amerika, og kutta vil kjennast på kroppen av hundretusenvis, om ikkje millionar, av menneske.

Alle er samde i at flyktningsituasjonen er dramatisk, og at det er nødvendig å finne pengar til å gi den nødvendige støtta til flyktningane. Men mange har påpeikt at kuttforslaga som regjeringa no har kome med ikkje er basert på faglege vurderingar og at kutta er dramatiske.

Organisasjonane har sjølv laga ei oversikt over nokre av konsekvensane fattige menneske i Sør vil oppleve av eit så dramatisk kutt i løyvingane. I tillegg til det som omhandlar direkte ytingar, er den verste konsekvensen på lang sikt ei svekking av sivilt samfunn i mange land.

Ei rekke menneskerettsorganisasjonar, kvinneorganisasjonar, fagrørsler, urfolksorganisasjonar og andre vil miste nødvendig finansiering til sitt arbeid for å styrke demokrati og menneskerettar i sine land. Norsk folkehjelp åleine anslår at ein reduksjon på to tredjedelar vil bety at 130 organisasjonar mister støtta.

Ein av dei som i årevis har samarbeida med Norsk Folkehjelp for å drive modig og viktig menneskerettsarbeid, er den honduranske presten Padre Melo, som nyleg var i Noreg og mottok Rafto-prisen. Han er berre ein i rekka av modige menneskerettsforkjemparar som vil trenge støtte og solidaritet frå norske organisasjonar også framover.

Svekker kunnskapsgrunnlaget

forum

Foto: Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål

Men solidaritet har aldri gått berre ein veg. Gjennom sine langvarige samarbeid og partnarskap med organisasjonar ute, får dei norske frivillige organisasjonane kunnskap, erfaringar og informasjon som igjen blir brukt i innspel til og dialog med norske styresmakter.

For dei som berre ser medieutspela og følgjer den offentlege debatten, er det lett å få inntrykk av at relasjonen mellom organisasjonane på den eine sida og og UD og fagdirektoratet Norad på den andre sida berre består av kritikk og klaging. Dette er sjølvsagt også ein del av det, men i praksis ein liten del av relasjonen.

Enno viktigare er den tette og gode dialogen som fins på mange områder mellom organisasjonane og styresmaktene. Våre innspel, med den unike kunnskapen og erfaringane vi har frå våre partnarar på grasrota, gjer at vi gir UD og Norad nødvendig informasjon og kunnskap slik at deira politikk og tiltak blir betre.

Dei nye bærekraftsmåla er eitt område der vi har samarbeida tett. Vi har dialog om menneskerettar i ulike land, om kvinners rettar, om rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt), om fredsprosessar, om langsiktige strategiar og konkret politikk. Vi er med i offisielle delegasjonar, og det er jamlege møter både med byråkratar og med politikarar.

Dei føreslåtte kutta vil svekke desse organisasjonsstemmene kraftig. Dette kjem på toppen av at budsjettforslaget også vil svekke utviklingsforsking og den offentlege debatten om bistand og utviklingsspørsmål, gjennom å fjerne heile støtteordninga til organisasjonane sitt opplysningsarbeid og leggje ned det uavhengige fagbladet Bistandsaktuelt.

Slik svekkast også kunnskapen om utvikling i samfunnet generelt, og det demokratiske innsynet i norsk utviklingspolitikk. Langsiktig innsats gir nødvendig kunnskap for å kunne spele ei viktig rolle i samfunnsprosessar.

Forskar Benedicte Bull har påpeika at det truleg ikkje hadde vore muleg for Noreg å spele den viktige rolla vi no har i fredsforhandlingane i Colombia dersom kutta i regionløyvinga til Latin-Amerika hadde kome for tre år sidan.

Ein dramatisk situasjon krev god leiarskap. Verda opplever ein dramatisk situasjon, og norske politikarar treng meir, ikkje mindre, kunnskap for å fatte gode avgjerder i framtida.

Vi har nye bærekraftsmål som skal gjennomførast fram mot år 2030. Vi har vonleg ein global klimaavtale etter desember. Og vi har fleire dramatiske krigssituasjonar og konfliktar, som fører til store migrasjonsstraumar. Då er det kortsiktig å kutte ut støtte til alle tiltak som vil gi meir kunnskap, informasjon og debatt i Noreg. Eller er det i First House og liknande konsulentselskap regjeringa ser for seg at UD skal hente inn nødvendig kunnskap framover?

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s