Israel/Palestina / Krig/konflikt / Midtøsten / Rettssikkerhet

Tempelriddarane i Jerusalem

<Av Edmund Walton, styremedlem i Palestinakomitéen Blindern>

Edmund Walton. FOTO: Privat

Edmund Walton. Foto: Privat

For fyrste gong sidan Israel okkuperte Aust-Jerusalem i 1967, har Al-Aqsa-moskeén blitt stengd for alle muslimar.

I gatene er det stadige samanstøyt mellom høgreradikale, messianske jødiske grupper med støtte frå politiet, og palestinarar. Israel har tatt i verk nokre av dei mest brutale verkemiddela for å straffe den palestinske minoriteten i byen.

I lys av Israel sin totale forakt for internasjonal lov og opphevinga av rettsvern for palestinarar, både i dei okkuperte områda og for minoriteten i Israel, trengst det solide konsekvensar.

30. oktober i år blei Al-Aqsa moskeén, den tredje viktigaste heilagdomen i Islam, heilt avstengd for muslimar. Tidlegare har Israel tidvis stengd tempelhøgda der moskeén ligg for menn mellom 15 og 50 for å hindre samanstøyt mellom palestinarar og radikale jødiske rørsler som ynskjer å rive moskeén og byggje opp det tredje jødiske tempelet på høgda.

Avsperringa av høgda kom etter at ein messiansk rabbinar med lang fartstid på ytterste høgrefløy, Yehuda Glick, blei alvorleg skada i eit politisk motivert åtak. Den mistenkte, Muataz Hijazi, blei avretta i heimen sin av israelske spesialstyrker.

Israelsk militær kontroll i segregerte Hebron. Foto: Privat

Israelsk militær kontroll i segregerte Hebron. Foto: Privat

Ei forverring av situasjonen

Avretting utan lov og dom har blitt ei vanesak for israelsk politi i byen. To andre palestinarar som var mistenkt for overlagte drap har blitt avretta på gata i etterkant av åtaka.

I landsbyen Kufr Kana i Gallilea blei 22 år gamle Kheir Hamdan avretta av politiet etter han banka på ruta til ein politibil, og i Tel-Aviv blei ein palestinar skoten på åpen gate etter han gjekk til åtak mot ein israelsk soldat med kniv. Avretting har lenge vore eit viktig våpen i Israels arsenal på Vestbreidda der 45 palestinarar har blitt drepne så langt i år, men i okkupert Aust-Jerusalem og i Israel er dette ein kraftig forverring av situasjonen.

I etterkant av åtaka har statsminister Netanyahu godkjend bruken av husriving som straff for palestinarar mistenkte for terrorisme. Denne praksisen har lenge blitt fordømd av mellom anna FN, Amnesty og Raude Kross som nok eit uttrykk for den kollektive avstraffinga av den palestinske folket.

Avstand mellom ord og handling

Spenningane mellom palestinarar og jødar i Jerusalem har auka gjennom heile sommaren. I etterkant av massakeret på over to tusen menneske i Gaza har demonstrasjonar mot den israelske okkupasjonsmakta i byen auka i omfang og styrke.

Samstundes har radikale jødiske grupper trappa opp innsatsen for å overta tempelhøgda og rive Klippedomen og Al-Aqsa-moskéen. Statsminister Netanyahu, ein mann som har gjort ein kunst ut av avstanden mellom ord og handling, har sagt at han ikkje ynskjer å tillate jøder å be på tempelhøgda.

Likevel leiar Netanyahus partifelle og presidenten for det israelske parlamentet (Knesset) Moshe Feiglin, demonstrasjonar og åtak mot heilagdomen. Det har også blitt levert eit lovforslag til Knesset frå regjeringa om å dele tempelhøgda mellom jødar og muslimar.

Det er ingenting som vitnar om at Netanyahu gjer noko anna enn å prøve å tekke det internasjonale samfunnet med ord samstundes som Israel overtar tempelhøgda.

Kolonialismen held fram

Gjennom konflikten om Al-Aqsa har politi og militære verna om dei messianske jødiske gruppene og trappa opp åtak og mishandling av palestinarar i okkupert Aust-Jerusalem.

Husødeleggelser i Palestina. Foto: Privat

Husødeleggelser i Palestina. Foto: Privat

Høgreradikale og religiøse jødiske grupper, med politi på slep, har gått til fysiske åtak mot palestinarar i okkupert Aust-Jerusalem, utan at politiet greip inn.

Den tydlege forskjellsbehandlinga av palestinske borgarar i Jerusalem, ein by som Israel har annektert i strid med internasjonal lov, understreker den rasistiske naturen til staten Israel.

Under konflikten som har blussa opp i Jerusalem har den ulovlege busetjingsverksemda til Israel blitt kraftig trappa opp, seinast kvelden før stenginga av Al-Aqsa blei 1000 nye bustadar i okkupert Aust-Jerusalem godkjende.

Apartheid i Palestina

Israels immunitet frå praktiske reaksjonar må ta slutt. Ein stat som har okkupert, massakrert og bortvist palestinarar frå jorda deira fortener ikkje den særstillinga som Israel har. Boikott, deinvestering og sanksjonar kan vise seg å vere det middelet som tvingar den vanekriminelle staten til å endelig godta at det palestinske folket aldri gir opp retten til å leve i fridom. Apartheid i Palestina skal og må ta slutt.

Legg en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s