Asylsøkere / Europa / Flyktninger / Krig/konflikt

Grensepolitikken i Europa skader menneskerettane

<Av Liv Berit Gilberg, Regissør, NRK Dokumentar>

liv berit

Liv Berit Gilberg

-Det var ingen som døydde i Middelhavet når der ikkje var barrierer, nå døyr menneskjer. Å sette opp barrierer er ein del av problemet, seier FN sin spesialrapportør for migrantrettigheiter, Francois Crepeau.

I ei verd prega av krig og konflikter prøver Europa å kontrollere eit stadig aukande antal mennesker på flukt. Gjennom EU sitt politisamarbeid Frontex, er medlemslanda i Schengen ein viktig del av grensekontrollen. Frontex er EU sitt grensekontrollbyrå der Noreg også deltek med polititjenestefolk som blir utstasjonert på Shcengen si yttergrense.

«Drømmen om Europa» (trykk på tittelen for å se video) er ei dokumentarserie som tek for seg dei dramatiske utslaga av europeisk grensepolitikk. I serien fylgjer vi to norske politifolk, Rolf Arne Kurthi og Karoline Lynne, på oppdrag ved Schengen sine mest utsatte yttergrenser. I tillegg blir vi kjent med Sara Creta som er ein italiensk menneskerettighetsaktivist. Ho dokumenterer den brutale røyndomen for dei som prøvar å kome seg over høge gjerder inn til Europa. Serien er nært på dei menneska som står midt i flyktningedramaet, samtidig som den også setter fokus på den politiske debatten i EU. Den store flyktningstrømmen er i ferd med å utfordre det europeiske samarbeidet på ein heilt ny måte.

Foto: Fra NRK

Foto: Fra NRK

FN sin spesialrapportør på migrasjon, Francois Crepeau, er sterkt kritisk til Europa si handsaming av problematikken. Han meiner at mange av EU sine tiltak på yttergrensene blir satt i gang som sikkerhetstiltak mot ein «trussel» framfor humanitære tiltak for å hindre dødsfall.

-Å styrke vakthaldet på yttergrensa er ikkje problemet. Problemet er at om vi fokuserer oppdraget deira på å bekjempe irregulær migrasjon utan å kunne garantere for menneskerettane, vil folk fortsette å dø, seier Francois Crepeau.

Etter den store tragedien utanfor Lampedusa i oktober 2013, der over 360 flyktninger døde, var EU sitt viktigaste tiltak å styrke Frontex og implementere Eurosur. Eurosur er mellom anna eit system for å overvåke Middelhavet og Atlanterhavskysten ved hjelp av droner.

-Eurosur kan vere veldig effektivt for å identifisere båtar i nød og redde liv. Problemet er at dette er ikkje det den enkelte stat er interessert i, politikarane er interessert i å oppdage båtar før dei når europeisk farvatn, og då kunne ringe kystvakten i Libya, Tunisia og Marokko å seie: «De har ein båt ei mil utanfor kysten dykkar, gå og plukk den opp, hent den tilbake.» Det er det dei er interessert i, seier Crepeau.

Dokumentaren sendes søndagar på NrK 1.

Legg en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s