Europa / Minoriteter / Norge

Ein «invasjon» av romfolk?

<Eit redigert utdrag frå Årbok om menneskerettigheter i Norge 2013, sammenfattet av Solveig Igesund, redaktør>

I 2013 vart «romfolk» omtalt i riksdekkjande media over 6500 gangar. Mediedekninga var særleg knytt til at mange rom livnærar seg gjennom tigging og overnatting på gata.

Solveig Marie Igesund

Solveig Marie Igesund

Før sommaren varsla difor politiet om at det ville kome ein invasjon av tiggarar frå fattige land som Bulgaria og Romania. I media vart dette bilete bygd opp ved å vise til politiet sine utsegn om samanhengen mellom tigging og kriminalitet.

Då sommaren kom, vart derimot den varsla invasjonen avblåst og det vart anslått at talet på tilreisande rom var lågare enn året før. Kirkens bymisjon understreka at ein må «trå varsomt når skremselspropaganda kobles opp mot folkegrupper basert på synsing».

Den politiske debatten tyda likevel på norske myndigheiter fyrst og fremst var opptatt av å signalisere at den norske velferdsstaten ikkje er «Europas sosialkontor».

Og det er heilt korrekt at ansvaret for å sikre velferda til tilreisande rom fyrst og fremst ligg på myndigheitene i den staten dei kjem frå. I den nasjonale debatten har det derimot vore mindre fokus på at tilreisande rom også har krav på respekt for sitt menneskeverd og grunnleggjande menneskerettar medan dei er i Noreg.

Plikt til å oppfylle minimumsstandardar

Rettane som står i menneskerettskonvensjonane gjeld som utgangspunkt for «ein kvar», uavhengig av nasjonalitet eller immigrasjonsstatus. Forbodet mot umenneskeleg eller nedverdigande behandling, vilkårleg fengsling og vern mot hatefulle ytringar gjeld dermed for utlendingar på lik line med norske statsborgarar.

Når det gjeld sosiale rettar, kan personar med kortvarig tilknyting til Noreg ikkje på menneskerettsleg grunnlag krevje oppfylt det same velferdsnivået som det landet sine borgarar eller utlendingar med langvarig opphaldsstatus kan nyte godt av.

Staten Noreg pliktar likevel å oppfylle visse minimumsstandardar, som grunnleggjande helsehjelp samt bu- og leveforhold som sikrar menneskeleg verdigheit, herunder tilgang til reint vatn, mat, tak over hovudet og anstendige sanitærforhold. Norske myndigheiter har akseptert at manglande oppfylling av ein slik minstestandard inneber folkerettsbrot.

Hatefulle ytringar og folkemordsretorikk

I praksis viser ei rekke hendingar frå dei siste åra at tilreisande rom som gruppe er særleg utsett for menneskerettskrenkingar også i Noreg.

Ei spesielt urovekkande utvikling er framveksten av hatefulle ytringar og folkemordsretorikk mot rom i offentlege fora.

Ein kjent politikar uttalte i 2012 at romfolket burde snittast opp i småbitar og serverast til hundar. I nettdebattar samanliknast gruppa med brunsnegler og vert oppmoda om å ta sitt eige liv. I ei rammeavtale om rydding og bortkjøring av avfall likestilte ein etat i Oslo kommune «sigøynarar» med avfall som bilvrak, kratt og høgt gras.

Dette debattklimaet har også ført til auka fokus på justispolitiske sanksjonar mot tilreisande rom. Her er det særleg to tiltak som er problematiske, sett med menneskerettslege briller.

BILDE: Leif Harboe/Flikr

BILDE: Leif Harboe/Flikr

Innføring av forbod mot tigging

For det fyrste, så har store delar av den politiske debatten handla om gjeninnføring av eit forbod mot tigging, med det foreløpige utfallet at kommunane kan gi politiet lov til å fastsette vilkår for pengeinnsamling på offentlege stader.

Til trass for at dette i utgangspunktet skulle gjelde alle typar pengeinnsamling, uttrykte myndigheitene likevel at føremålet med endringa var «å dempe omfanget av tiggingen for å sikre ro og orden» og «forebygge straffbare handlinger».

I følgje Nasjonal institusjon for menneskerettar (NI) opnar denne lovendringa for indirekte diskriminering i praksis, i strid med konvensjonen om sivile og politiske rettar, art. 26. NI meiner vidare at eit totalforbod mot tigging kan vere problematisk i forhold til art. 10 i den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) om rett til ytringsfridom.

Kriminalisering av å sove?

Det andre urovekkjande tiltaket er Oslo bystyre si innføring av totalforbod mot å overnatte utandørs i tettbygde strøk. Endringa vart grunngjeve med ei auke i «tilreisende, bostedsløse utenlandske statsborgere», og etterlet dermed liten tvil om kva gruppe ein ynskja å ramme.

Dette tiltaket er ikkje berre diskriminerande, då det uhøveleg vil ramme tilreisande rom, men er også problematisk sett i lys av EMK art. 2 om retten til rørslefridom. Eit totalforbod er med andre ord ikkje eit proporsjonalt tiltak for å oppretthalde ro og orden.

Sist, men ikkje minst er det bekymringsverdig at overnatting ute kan medføre straff, med bøter eller fengsel opp til 3 månadar. Kriminalisering av å sove, noko som er heilt naudsynt for å overleve, er naturleg nok svært problematisk sett med menneskerettslege auge.

Kva kan og bør så gjerast?

For det fyrste, så må vi sikre ein opplyst og respektfull offentleg debatt om tilreisande rom, som ikkje medverkar til eit forenkla og stigmatiserande bilete.

Vidare bør norske myndigheiter lage og gjennomføre ein handlingsplan, på bakgrunn av ei menneskerettsleg vurdering av dei utfordringane som rom møter i Noreg i dag.

Det er forståeleg at tilreisande frå fattige EU-land kan vere ei utfordring for norske myndigheiter. Men det endrar ikkje det faktum at tilreisande rom har krav på respekt for sitt menneskeverd og sine grunnleggjande rettar til mat, vatn – ja, rett og slett til å overleve.

Denne teksten er et redigert utdrag fra Årbok for menneskerettigheter i Norge 2013, som er nylig utgitt av Norsk senter for menneskerettigheter, UiO. Dette er det femte innlegget i MRbloggens serie: Norges menneskerettighetsutfordringer.

3 thoughts on “Ein «invasjon» av romfolk?

  1. Tilbaketråkk: Bloggserie: Norges menneskerettighetsutfordringer | menneskerettighetsbloggen

  2. Tilbaketråkk: MRbloggen 1 år! | menneskerettighetsbloggen

  3. Tilbaketråkk: Gratulerer med dagen? De blåblås første år | menneskerettighetsbloggen

Legg en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s