Barns rettigheter / FN / Norge

La dette bli barna sitt år

<Av Solveig Igesund, redaktør>

Solveig Marie Igesund

Solveig Marie Igesund

På tide. Etter 200 år fekk endeleg barn sine sjølvstendige rettar skrive inn i Grunnlova. La oss no gjere 2014 til barna sitt år, ved å ratifisere den etterlengta klageordninga til FNs barnekonvensjon.

Noreg var fram til nyleg eitt av tre land i Europa som ikkje hadde skrive inn barn sine rettar i Grunnlova. Fram til 14. april 2014 var også Barnekonvensjonen den einaste av kjernekonvensjonane til FN som ikkje hadde ei individuell klageordning. Det vil seie at barn kan fremje klager til FNs barnekomité over brot på dei menneskerettane som står i FNs barnekonvensjon.

For og i mot – men alle einig? Eg har tidlegare skrive eit innlegg på MRbloggen om argumenta for og i mot å ratifisere klageordninga. I tillegg til desse argumenta, er eit spesielt viktig argument for ratifikasjon at det vil kunne styrke nasjonale rettsmidlar for barn, slik at saker kan bli prøvd i Noreg før dei går til FNs barnekomité. I årboka til Nasjonal Institusjon for menneskerettar blir det framheva at det er svært få muligheiter for barn å få prøvd saker etter barnekonvensjonen slik situasjonen er i Noreg i dag.

Til trass for den klassiske frykta for at klageordningar innsnevrar det politiske handlingsrommet til våre folkevalte, var det eit samla Storting som i juni 2013 ba regjeringa om å snarast legge fram ei sak om ratifikasjon av tilleggsprotokollen. Det er altså tilsynelatande stor semje blant våre folkevalte om at argumenta for utmanøvrerer dei i mot.

Likevel tek ting tid. Det er no snart eit år sidan Utanriksdepartementet (UD) sende ut ei juridisk analyse om konsekvensane av norsk tilslutning på høyring. Denne rapporten, skrive av jurist Frode Elgesem, fann at klagemekanismen sannsynlegvis vil styrke gjennomføringa av barn sine rettar nasjonalt og internasjonalt. Eit overveldande fleirtal av høyringsinstansane var einig.

Kan det vere at UD, med Børge Brende i spissen, halar ut tida for å unngå å måtte ta stilling? Det tok for eksempel ti år før Noreg ratifiserte tilleggsprotokollen til FNs torturkonvensjon. Diskusjonen om ei individklageordning til FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK) har også vore langtrukken og er enno uavklart.

Bør norske barn få klage? FOTO: Evelina Gustafsson / Wikimedia Commons

FOTO: Evelina Gustafsson / Wikimedia Commons

Noreg kritisert under UPR i Genève. Ein del barnerettsaktivistar hadde nok eit håp om at Børge Brende tok med seg gode nyhende om ratifisering av klageordninga til barnekonvensjonen når Noreg den 28. april vart høyrt i FNs menneskerettsråd under «Universal Periodic Review» (UPR).

Det var difor skuffande å høyre den tilbakehaldne beskjeden frå Brende om at dette fortsatt er oppe til diskusjon. Noregs manglande engasjement, både ved utviklinga av klageordninga og ved manglande ratifikasjon, blir lagt merke til internasjonalt, og vi hausta kritikk frå mellom anna Albania, Portugal og Uruguay.

I ny § 104 i Grunnlova står det no at «Ved handlingar og i avgjerder som vedkjem born, skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn».

Ved å løfte barn sine rettar opp til grunnlovsstatus, seier vi at dette er av dei mest sentrale menneskerettane vi har. La oss difor gi ekstra kraft til årets barnetog, ved å ikkje berre by på is og pølse, men ein rett til å klage på lik linje som vaksne.

Dette er det tredje innlegget i MRbloggens serie om Norges menneskerettighetsutfordringer.

2 thoughts on “La dette bli barna sitt år

  1. Tilbaketråkk: Bloggserie: Norges menneskerettighetsutfordringer | menneskerettighetsbloggen

  2. Tilbaketråkk: Gratulerer med dagen? De blåblås første år | menneskerettighetsbloggen

Legg en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s