FN / Vietnam

Vietnam under lupen i Genève

<Av Solveig Igesund, redaktør>

Solveig Marie Igesund

Solveig Marie Igesund

For litt over to veker sidan, var Vietnam oppe til «eksamen» i FNs menneskerettighetsråd i Genève. Og eg skal ikkje legge skjul på at det var stor stas, etter fleire år med frivillig arbeid, studiar og jobb innanfor menneskerettsfeltet, å kunne vere tilstades under høyringa og sjå prosessen «in action».

Universal Periodic Review (UPR), som prosessen heiter på fint, er den einaste universelle overvakingsmekanismen for menneskerettar som eksisterer i dag. Det er ein unik prosess i FN som involverer ein gjennomgang av menneskerettssituasjonen i alle FNs 193 medlemsland.

Denne gjennomgangen skjer kvart 4, 5 år og onsdag 5. februar var det igjen Vietnam sin tur. I forkant av høyringa var det fleire spørsmål som svirra i hovudet mitt: Er mekanismen berre eit spel for galleriet? Vil Vietnam innrømme at MR-politikken i landet er i ein nedadgåande spiral? Kva er alliansane? Og kva anbefalingar vil dei få?

Høyringa starta med at Vietnam innleia om framgang og utfordringar sidan sist UPR i 2009. Her vart det framheva at Vietnam har nådd fleire av FNs tusenårsmål, spesielt når det gjeld fattigdomsreduksjon. Vidare vart det nemnt at Vietnam er eit land med «distinkte» verdiar som gjer promotering av menneskerettar til ei utfordring i landet.

Etter dette var det 133 land som hadde skrive seg på talelista, og alle fekk 1 minutt og 5 sekund kvar. Alle anbefalingar som landa ville kome med måtte seiast innanfor denne tidsramma. Det var difor stor spenning når Noreg var fyrste land ut. Vil vår mann i salen snakke fort nok?

Menneskerettighetssalen i Palais des Nations i Sveits. Foto: Solveig Igesund

Menneskerettighetssalen i Palais des Nations i Sveits. Foto: Solveig Igesund

Noreg, Tsjekkia og Canada var blant dei som hadde mykje på hjartet og dermed dårleg tid. Noreg fokuserte mellom anna på sivilt samfunn, media, dissidentar og ytringsfridom. Andre tema som gikk igjen blant «vestelege» land var ratifisering av konvensjonar, forbod mot dødsstraff og forhold for fengsla, bloggarar og menneskerettigheitsforkjemparar.

Dei meir «venlege» landa, som Thailand, Senegal og Cuba, tok seg god tid til høflegheitsfraser og fokuserte meir på økonomiske, sosiale og kulturelle rettar som å styrke utvikling i rurale områder. Egypt skilte seg òg ut ved å anbefale Vietnam å fortsette med dødsstraff. Dei tradisjonelle skilja mellom vest og aust/sør var difor synlege i Palais des Nations denne dagen, og eg vil hevde at det var ein liten overvekt av «venlege» versus «kritiske» røster.

Så kva inntrykk sit eg igjen med etter denne 3, 5 timers seansen? Har UPR ein verdi for folket på bakken i Vietnam? Både ja og nei.

Nei, fordi slike prosessar ofte skjer i ei boble der maktspel og nasjonale interesser trumfer, og fordi myndigheitene ikkje nødvendigvis har vilje eller kapasitet til å følgje opp anbefalingane dei får. Ja, fordi dette likevel er eit kraftig verkty for å halde myndigheitene ansvarlege. UPR er også viktig for å auke kunnskapen om MR-feltet. For myndigheitene, men og for det sivile samfunn som for fyrste gang leverte ein skyggerapport til UPR.

I eit land prega av stadige innstrammingar av ytringsfridomen, er dette ei unik muligheit til å ytre høgt og klart dei utfordringane som folk i Vietnam møter i sin kvardag.

Legg en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s