Barns rettigheter / FN / Norge

Bør barn få klage til FN?

<Av Solveig Marie Igesund, redaktør>

Solveig Marie Igesund

Solveig Marie Igesund

Frå april i år vil barn i land som Costa Rica, Tyskland, Spania og Albania kunne klage til FNs barnekomité om dei meinar at dei har opplevd menneskerettsbrot. Norske barn, derimot, vil ikkje ha rett til å klage, om ikkje regjeringa ratifiserer tilleggsprotokollen til barnekonvensjonen.

Noreg har i mange år vorte sett på som ein pionér for barns rettar (definert som alle under 18 år). Allereie i 1981 etablerte vi verdas fyrste barneombod og i 1991 ratifiserte vi FNs barnekonvensjon. Det har difor vore skuffande å observere at Noreg ikkje har engasjert seg for at barn skal få muligheit til å klage til FNs barnekomité, verken ved å medverke til utviklinga av klageordninga eller ved å ratifisere.

Har Noreg noko å frykte ved å gi barn klagerett?

Argument i mot. Det er særleg tre argument i mot klagemekanisma som har gått igjen i den offentlege debatten. For det fyrste,  så hevda mellom anna vår tidlegare utanriksminister Jonas Gahr Støre, at det nasjonale handlingsrommet vil verte innskrenka om barnekomiteen skal kunne handsame klagar frå norske barn.

Dette heng nært saman med det andre argumentet i mot, nemleg at mange av artiklane i barnekonvensjonen er vage og liknar meir på politiske målsetjingar enn konkrete juridiske rettar. Dette gjeld spesielt dei sosiale, økonomiske og kulturelle rettane, slik som «barnets rett til å nyte godt av den høyest oppnåelige helsestandard…» (Art. 24).

Dersom eit barn då til dømes klagar på grunn av eit for dårleg psykisk helsetilbod, er frykta at barnekomiteen skal gripe inn i korleis staten vel å fordele sine godar eller at ein må endre demokratisk vedtekne lovar. Denne maktforskyvinga frå Stortinget til overnasjonale organ går inn i ein større debatt om rettsleggjering.

Det tredje argumentet i mot er at eit overnasjonalt organ som Barnekomiteen neppe har kapasitet eller kunnskap nok til å kunne avgjere slike kompliserte nasjonale spørsmål.

Argument for. Etter mitt syn er ikkje innsnevring av det nasjonale handlingsrommet eller «vage» rettar i barnekonvensjonen god nok grunn til å ikkje ratifisere klageordninga.

Bør norske barn få klage? FOTO: Evelina Gustafsson / Wikimedia Commons

Bør norske barn få klage til FN?
FOTO: Evelina Gustafsson / Wikimedia Commons

For det fyrste, er det i følgje advokat Frode Elgesem «neppe (…) grunn til å frykte at Barnekomiteen i stor stil vil snu opp ned på våre velferdsordninger og innføre omfattende nye forpliktelser». Det er viktig å hugse på at Noreg allereie er bunde av barnekonvensjonen og at vi kvart femte år rapporterar til og får anbefalingar frå barnekomiteen om Noreg si gjennomføring av konvensjonen.

For det andre, så kan ein jo spørje seg om kvifor Noreg skal ha handlingsrom til å bryte barns rettar? Burde vi ikkje strekkje oss langt for å beskytte dei minste blant oss?

I Elgesem sin rapport har barn sjølve fått kome med innspel, og dei peika på fleire områder der dei trur det vil kome klagesakar mot Noreg. Dei nemnte mellom anna asylsøkjande barns rettar, rombarns rett til skule, psykisk helse, mobbing og funksjonshemma barn sine rettar. I tillegg kan ein tenkje seg at barn med midlertidig opphald, barnevernsbarn eller barn i fengsel vil kunne klage til barnekomiteen.

FNs barnekomité består av 18 barnefaglege ekspertar, leia av den norske professoren Kirsten Sandberg. Å la norske barn få klage til komiteen vil ikkje berre medverke til å avklare tolkingsspørsmål og konkretisere «vage» rettar, som for eksempel barnets beste (Art. 3), men i tillegg styrke dei nasjonale klageordningane og gjere dei meir barnevenlege.

La barna få klage, Brende! Før sommaren 2013 gav eit samla Storting beskjed til regjeringa om at dei bør leggje fram ei sak om ratifisering av klageordninga. Hittil har ingenting skjedd. No er det opp til regjeringa, med utanriksminister Børge Brende i spissen, å sørgje for at Noreg lev opp til sitt rykte som ein forkjempar for barns rettar.

3 thoughts on “Bør barn få klage til FN?

  1. Barn m f klagerett

    Det haster med f gjenopprettet Norges posisjon som troverdig forkjemper for universelle menneskerettigheter p global basis, Barns srlige menneskerettigheter er nedfelt i FN barnekonvensjon, ratifisert av alle FNs medlemsstater med unntak av USA og Somalia. Norge har ogs prisverdig nok inkorporert barnekonvensjonen i norsk rett hvilket betyr at den er direkte forpliktende for norske myndigheter og norske domstoler. Hittil har imidlertid Norge unnlatt ratifisere klageordningen som er ndvendig for oppn individuell klagerett i forhold til mulige brudd p konvensjonen.

    Det er svrt betimelig nr Solveig Marie Igesund n etterlyser initiativ fra den nye utenriksministeren. Det fr meg til hente frem min tidligere henvendelse om samme tema til davrende utenriksminister Jonas Gahr Stre. Jeg fikk aldri noe svar. Dessverre er den stadig like aktuell, og jeg gjentar den herved i tillit til at nvrende utenriksminister prioriterer saken hyere, og i samsvar med den foreliggende samarbeidsavtale mellom Hyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre, inngtt etter Stortingsvalget 2013:

    Her flger vedlagte tekst.

    Geir Kjell Andersland Barnerettsjurist og Venstrepolitiker

    ________________________________ Fra: menneskerettighetsbloggen [mailto:comment-reply@wordpress.com] Sendt: 23. januar 2014 11:27 Til: Geir Kjell Andersland Emne: [Nytt innlegg] Br barn f klage til FN?

    Menneskerettighetsbloggen posted: » Fr april i r vil barn i land som Costa Rica, Tyskland, Spania og Albania kunne klage til FNs barnekomit om dei meinar at dei har opplevd menneskerettsbrot. Norske barn, derimot, vil ikkje ha rett til «

    Lik

  2. Hei, og takk for kommentar på innlegget!

    Det er ein tendens til at Noreg er meir passive i utviklinga av nye menneskerettsmekanismar, ikkje berre når det gjeld barns rettar. Det er difor viktig at alle gode krefter set fokus på dette ovanfor vår nye regjering.

    Det ser ut som at teksten som du skreiv til Støre ikkje har kome med. Klipp og lim det gjerne inn i kommentarfeltet på nytt.

    Beste helsing Solveig Igesund

    Lik

  3. Tilbaketråkk: La dette bli barna sitt år | menneskerettighetsbloggen

Legg en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s