Asylsøkere / Barns rettigheter / Likestilling og ikke-diskriminering

Barn i limbo

<Av Solveig Marie Igesund, redaktør>

Solveig Marie Igesund

Solveig Marie Igesund

Å vere i limbo betyr å vere i ein mellomtilstand eller tilstand av lamming. For mange asylsøkjande born i Noreg er uttrykket òg ei passande skildring av tida før 18-årsdagen.

Sidan mai 2009 har nemleg om lag 160 asylsøkjande born mellom 16 og 18 år fått midlertidig opphald i Noreg. Dette vil seie at einslege asylsøkjande born, som tidlegare fekk bli i Noreg om ein ikkje fann omsorgspersonar å returnere dei til, no må reise heim når dei fyller 18 år.

Medan dei ventar på retur til land som Afghanistan, Somalia og Eritrea lev dei viktige ungdomsår på norske asylmottak.

Velkommen og farvel? Diskusjonar rundt midlertidig beskyttelse er ikkje eit nytt fenomen i Noreg, men starta i samband med krigane på Balkan på 1990-talet. I følgje Jan-Paul Brekke var eit av dei vanskelegaste dilemma for regjeringa på den tida, om dei skulle integrere eller isolere dei om lag 13 000 flyktningane som kom frå Bosnia.

Til slutt valte myndigheitene å busette flyktningane lokalt, då ei isolering på asylmottak vart sett på som potensielt skadeleg i det lange løp, både fysisk og mentalt. Det er difor eit paradoks at norske myndigheiter, ti år seinare, meiner at det ikkje er skadeleg for born som har kome åleine frå krigsherja land å bu over lengre periodar på asylmottak.

FNs barnekonvensjon artikkel 22 (2) seier tydeleg at «dersom det ikke er mulig å finne foreldre eller andre familiemedlemmer, skal barnet gis samme beskyttelse som ethvert annet barn…» I Noreg har derimot barnevernet kunn omsorgsansvaret for asylsøkjande born under 16 år, medan UDI har ansvar for dei mellom 16 og 18 år. Ein rapport frå Institutt for samfunnsforsking (ISF) har i tillegg funne at levekåra for asylsøkjande born mellom 16 og 18 år er vesentleg dårlegare enn for asylsøkjande born under 16 år.

barn på asylmottak

Foto: Norsk Filminstitutt

Som vist i Margareth Olin sin film «De Andre», så forsterkast denne ulike behandlinga av den midlertidige opphaldsstatusen i seg sjølv. ISF-rapporten frå i år stadfestar at den mentale og fysiske helsa til lengeværande born på mottak er kritisk. Totalt sett, så fører dette livet i limbo, etter mitt syn, til eit brot på artikkel 2 i barnekonvensjonen, då økonomiske, sosiale og kulturelle rettar må skje utan diskriminering på grunnlag av alder eller opphaldsstatus.

Argumentet bak innføringa av midlertidig opphald er blant anna at det vil sende eit signal til born som ikkje har rett på beskyttelse, om å ikkje legge ut på ei farleg reise. Fokuset er dermed på å sikre barns beste «der ute», heller enn det einskilde barnets beste i Noreg. I følgje to Høgsterettsdommar frå desember 2012, er dette eit sakleg formål.

Men er det å bruke sårbare born som middel for å nå eit mål Noreg verdig? Og fins det forsking som syner at å sende signal til Somalia faktisk fører til at born sluttar å migrere?

Sidan midlertidig opphald vart innført i 2009 har berre 13 blitt returnert frivillig og 8 blitt returnert med tvang (tal frå 25.04.2013). For fleirtalet av borna som fyller 18 år, så fører altså ikkje midlertidig opphald til ei varig løysing; det vere seg retur eller varig opphald. Kva sit vi då igjen med? Jo, ein politikk som medfører alvorlege kostnadar for dei einskilde born, utan å vite om man oppnår det overordna målet om å førebyggje at born migrerer.

Før Stortingsvalet, den 9. august i år, uttalte nestleiar i Frp, Per Sandberg, at partiet «… vil avskaffe ordningen med midlertidig tillatelse til enslige mindreårige asylsøkere» og at den raudgrøne regjeringa «bryt barnekonvensjonen hver eneste dag».

I dag er det di regjering som bryt barnekonvensjonen, Sandberg.

___________________

Brekke, Jan Paul (2001). Velkommen og farvel? Midlertidig beskyttelse for flyktninger i Norge. Oslo: Unipax

Lidén, Hilde, Ketil Eide, Knut Hidle, Ann Christin E. Nilsen og Randi Wærdahl (2013). Levekår i mottak for enslige mindreårige asylsøkere. Oslo: Institutt for samfunnsforskning

 Dagbladet (09.08.2013). – Norge bryter barnekonvensjonen hver dag: http://www.dagbladet.no/2013/08/09/nyheter/innenriks/sv/regjeringen/frp/28617063/ 

 Igesund, Solveig Marie (2013). «Kids in Limbo» – An analysis of Temporary Residence Permits to Unaccompanied Asylum Seeking Children in Norway, in light of the Convention on the Rights of the Child», Master thesis, Law Faculty, University of Oslo.

 

One thought on “Barn i limbo

  1. Tilbaketråkk: Bør barn få klage til FN? | menneskerettighetsbloggen

Legg en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s